Kina - ytringsfridom på liksom
Kina har grunnlovsfesta ytringsfridom, men i praksis er det resktriksjonane som får størst plass. Foto: Liv-Kristin Rød Korssjøen
Kina fengsler flest journalistar og nettbrukarar i verda, ifølgje Reporterar utan grenser.

I 2010 sit 30 journalistar fengsla i Kina, melder Reporterar utan grenser (RWB). I tillegg sit 72 såkalla ”netizens” bak låste dører.

Kina fengsler flest journalistar

Kina har det klart høgaste talet på både flest fengsla journalistar og nettbrukarar blant landa i RWB si oversikt.

Les om den røffe kvardagen til kinesiske journalistar og menneskerettsaktivistar her.

Ofte vert journalistane og aktivistane dømt for å ha "avslørt statshemmeligheiter", eller å ha drive "undergravande verksemd" mot statsmakta.

Advokatar overvakast

Også advokatar som forsvarar desse klientane lever under sterkt press.

Dei blir stadig truga med å få inndratt advokatlisensen sin, og må bruke like mykje tid på å forsvare seg sjølv som sine klientar.

Den kinesiske menneskerettsadvokaten Gao Zhisheng vart i vår lauslatt etter sterkt internasjonalt press. Les historia hans her.

Største fengselet for nettbrukarar

Reporterar utan grenser kallar Kina "verdens største fengsel for nettbrukarar".

Om du postar kritiske ytringar mot statsmakta på nettet, kan du fort hamne i klammeri med myndigheitene.

I tillegg er Twitter, Facebook og fleire ulike bloggsider er stengt i Kina. Kva gjer det med kinesiske nettbrukarars kvardag? Vi har snakka med blogg-forskar Shubo Li.

Her kan du lese om kvinna bak bloggen High Peaks Pure World, som blei kasta ut frå Kina før OL i Beijing. No omset ho tibet-relaterte bloggar og nyheiter til engelsk.

Sensitive Tibet

Kina er kjent for sitt omfattande sensursystem. Her kan du få eit innblikk i korleis kinesiske myndigheiter kontrollerer sine 1,3 milliarder innbyggere.

Tibet er eit særskilt sensitivt område i Kina, og tibetanerar opplever strengare overvaking enn han-kineserar.

Her kan du lese om mannen som fekk seks år i fengsel for å spørje tibetanerar om deira kvardag.

Urolige Xinjiang

Også Xinjiang, der folkegruppa uigurene kjem frå, er eit sensitivt område i Kina. Vi møtte menneskerettsaktivisten Rebiya Kadeer, då ho talte på Oslo Freedom Forum.

Her kan du lese saka og sjå videoen om uigurenes mor.

- For mykje opnheit farlig for Kina

I Kina som i Norge vert kinesiske journaliststudenter undervist i vaktbikkje-journalistikk. I arbeidslivet møter dei kinesiske journalistspirene ein heilt anna verklegheit.

Vi har snakka med tre kinesiske journaliststudenter om deira tankar for framtida.

Tilbake til kartet

 

Slideshow: Mangfoldige Kina




Kinesiske menneskerettighetsforkjempere blir fulgt med argusøyne av myndighetene. Kritikk av staten blir ikke tatt nådig imot. Foto: Shapehift (flickr).

Grunnleggeren av den frivillige organisasjonen Freedom Now, Jared Genser, har vært sterkt engasjert i kampen for å få menneskerettighetsadvokaten Gao Zhisheng frigitt. Foto: Liv-Kristin Rød Korssjøen

Det kinesiske flagget. Foto: Flickr.